/ Forsiden / Elevtenester / Helseteneste
Helseteneste
OT (oppfølgingstenesta) kjem etterkvart til å ha fast kontortid på skulen. Det same gjeld for PPT.
PPT: etter avtale
OT: Grunna ny ordning er møtetidspunkt for oppfølgingstenesta ikkje heilt klart, men rådgjevarane er svært så hjelpsame, så du kan spørje dei.
HELSETENESTA
Helsesøster har fast trefftid/kontortid i første høgda.
Tysdag: kl.09-12
Torsdag: kl.10-12
Føremålet er at alle elevar kan ta kontakt med helsesøster når ein måtte ha behov for det, ein treng ikkje avtale time.
Kva kan du snakke med helsesøster om? Tja, til dømes syn- og hørsels-kontroll, måling av blodprosent, utslett, eksemplager, prevensjons-rettleiing, kjenslemessige problem m.m.
Problema treng ikkje vere store for å ta kontakt. Det er lettare å hjelpe deg om du kjem tidleg med det som ligg deg på hjartet!
NB! Helsesøster har teieplikt.
Helsestasjonen for ungdom finn du:
På helsestasjonen i Ulsteinvik sentrum, adr: Bjørndalvegen 10. Tlf. 70017880
Når?
Vi har ope kvar tirsdag mellom kl. 14:30-16:30
Kven kan du møte?
Helsesøster og lege (frå kl.15:30-16:30)
Kven kan nytte seg av tilbodet?
Alle mellom 13-21 år.
Kva kan du kome med?
Ting som opptek deg! Eks. på tema: mobbing, kosthald, kjønnssjukdomar, graviditet, prevensjon, trivsel, rusbruk m.m.
Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje bestille time.
Sjå plakat!
VELKOMNE!!
