Right menu


/ Forsiden / Om skulen / Ressurssenter / Praksiskandidat – Fagbrev i Sal, service og sikkerheit

 

Praksiskandidat – Fagbrev i Sal, service og sikkerheit

Er du interessert i auke løna di med kr 15 000?

Ressurssenteret vil for skuleåret 2011/2012 starte teorikurs som tek sikte på å gi deltakarane kunnskapar til å avlegge teorieksamen i VG2 Sal, service og sikkerheit. Arbeider du med sal, og service, marknadsføring, kontor og administrasjon eller som vektar, utan å ha fagbrev, er dette noko for deg! I dagens samfunn vert det stilt større krav til kunnskapar og kompetanse. Som fagarbeidar stiller du sterkare på arbeidsmarknaden og får dessutan høgare løn! Du kan ved full stilling auke løna di med om lag kr 15 000 på årsbasis som fagarbeidar.

Som praksiskandidat må du avlegge ein 5 timars tverrfagleg eksamen i dei tre faga:

· Økonomi og administrasjon
· Marknadsføring og sal
· Sikkerheit

Når denne eksamenen er greidd og du har 5 års godkjent praksis i faget, kan du søkje om å ta fag/svenneprøve.
Det er mange som har meir enn 5 års relevant praksis innanfor arbeid med sal og service, kontor og administrasjon og som vektar. For å kunne bli fagarbeidar manglar ein då berre ein teoretisk eksamen for å kunne avlegge fagprøve.
Ressurssenteret ved Ulstein vidaregåande skule vil for komande skuleår tilby eit 140 timars kurs i dei tre faga, som tek sikte på å deltakarane kunnskapar til å avlegge den teoretiske eksamenen. Kurset vil gå på kveldstid. Ved kursslutt vil deltakarane kunne melde seg opp for å avlegge eksamen, som tilsvarer den tverrfaglege eksamenen for VG2 Sal, service og sikkerheit. Med atterhald om nok interesse, vil kurset starte opp i september med undervisning ein kveld i veka.

Målgruppe for kurset:

Kurset passar for deg som har arbeidserfaring eller som ønskjer å jobbe innan teneste og service-bedrifter, der arbeidsoppgåvene er sal, service, kundebehandling, marknadsføring, reklame, sikkerheit, økonomistyring, informasjonsformidling og arbeid med digitale verktøy.

Søknadsprosess

Dersom du ynskjer å starte opplæring til hausten, må du søkje vaksenopplæring på www.vigo.no

På sida klikkar du vidare på ikonet "Voksenopplæring - Realkompetansevurdering". For å logge inn må du bruke MinID. MinID er din personlege ID til offentlege tenester på nett, som du brukar mellom anna til å søkje stipend, endre skattekort, levere sjølvmelding m.m. Treng du hjelp med innlogginga, kontakt brukarstøtta til MinID på telefon 80030300. Når du har logga inn vel du "Møre og Romsdal Fylke". Deretter fyller du ut personlia og kontaktinformasjon og trykker "neste". Då kjem du inn til ei informasjonsside, der du må huke av at du har lest meldinga. I neste bilete må du fylle ut CV. Etter du har fylt ut CV, kjem du til eit nytt bilete der du skal spesifisere dine ynskjer. Her hukar du av boksene "Realkomeptansevurdering" og "Opplæring". I boksa "Sluttkompetanse" vel du eit passande yrke t.d kontormedarbeidar, salsmedarbeidar, servitør, resepsjonist eller vektar. Senter er "Ulstein vgs". I kommentarfeltet skriv du at du vil delta på kurset - Praksiskandidat Sal, service og sikkerheit. Tilslutt må du hugse å klikke på "SEND SØKNAD". Deretter får du ein bekreftelse på epost at søknaden er registrert. Du må hugse å sende inn relevante vedlegg, som kopi av vitnemål og attestar frå tidlegare skulegong og arbeid. Dette gjer vi for å vurdere retten din. Om du ikkje har rett til vaksenopplæring etter opplæringlova vil du så lenge kurset ikkje bli fullt, få tilbod om å delta på kurset. Adresse og epost ser du under.

Utdanninga er godkjend i Statens lånekasse. Sjølve kurset er gratis.

Fristen for å søkje er 20.08.2011

Adresse: Ulstein vidaregåande skule, Ressurssenteret, Høddvoll, 6065 Ulsteinvik. For meir informasjon/eventuelle spørsmål: Epost: jon.arne.garshol.haram@mrfylke.no