Right menu


/ Forsiden / Om skulen / Ressurssenter / Vaksenopplæring i fag som gir generell studiekompetanse

 

Vaksenopplæring i fag som gir generell studiekompetanse

 

Kurstilbod

Med atterhald om nok søkjarar arrangerer Ressurssenteret kvart år kurs som fører fram til generell studiekompetanse. Kursa vil gå på kveldstid, og startar opp i månadsskiftet august/september.
Kursa Norsk, Engelsk, Matematikk og Naturfag startar om hausten og vert avslutta med eksamen om våren.
Samfunnsfag går berre om hausten, Historie berre vårhalvåret. Undervisninga føregår som sagt på kveldstid og startar kl 18 og varer to til tre skuletimar, måndag til torsdag. Det vil verte eit fag per kveld, for utan om ein av kveldane. Engelsk og Samfunnsfag/Historie går på same kveld i veka. Kva for ein dag i veka dei ulike faga går, er enno ikkje fastsett.
Det er mange som er usikre på om ein skal ta alle faga på eit skuleår, eller om ein skal dele opp utdanningsløpet til generell studiekompetanse over fleire år. Kvar enkelt har forskjellige føresetnader, men eit generelt tips er å starte mjukt. Erfaringar viser at dei færraste maktar å ta alle faga på eit skuleår dersom ein har arbeid ved sidan av. Mange vel å dele opp utdanningsløpet som gir generell studiekompetanse over to år eller meir. Du bør vurdere din eigen situasjon grundig. Norsk og Matematikk er for dei fleste mest tidkrevjande. Dersom du tek meir enn to fag på eit skuleår, bør du vurdere å ikkje ta desse faga i same skuleåret. Det er sjølvsagt mogleg å ta alle faga på eit skuleår.

Søknadsprosess

Dersom du ynskjer å starte opplæring til hausten, må du søkje vaksenopplæring på www.vigo.no

På sida klikkar du vidare på ikonet "Voksenopplæring - Realkompetansevurdering". For å logge inn må du bruke MinID. MinID er din personlege ID til offentlege tenester på nett, som du brukar mellom anna til å søkje stipend, endre skattekort, levere sjølvmelding m.m. Treng du hjelp med innlogginga, kontakt brukarstøtta til MinID på telefon 80030300. Når du har logga inn vel du "Møre og Romsdal Fylke". Deretter fyller du ut personalia og kontaktinformasjon og trykker "neste". Då kjem du inn til ei informasjonsside, der du må huke av at du har lest meldinga. I neste bilete må du fylle ut CV. Etter du har fylt ut CV, kjem du til eit nytt bilete der du skal spesifisere dine ynskjer. Her hukar du av boksene "Realkomeptansevurdering" og "Opplæring". I boksa "Sluttkompetanse" vel du "Studiekompetanse generell". Senter er "Ulstein vgs". I kommentarfeltet skriv du dei faga du ynskjer å få opplæring i. Vil du dele opp utdanningsløpet over fleire år, skriv du kva fag du ynskjer å ta komande skuleår og kva fag du ynskjer å ta neste skuleår. Tilslutt må du hugse å klikke på "SEND SØKNAD". Deretter får du ein bekreftelse på epost at søknaden er registrert. Du må hugse å sende inn relevante vedlegg, som kopi av vitnemål og attestar frå tidlegare skulegong og arbeid. Adresse og epost ser du under.

Fristen for å søkje er 20.08.2011.

Adresse: Ulstein vidaregåande skule, Ressurssenteret, Høddvoll, 6065 Ulsteinvik For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt! E-post: jon.arne.garshol.haram@mrfylke.no