/ Forsiden / Siste Nytt / Årets Abel-konkurranse har starta
Årets Abel-konkurranse har starta
Sjølv om du ikkje er særleg interessert i matematikk, kan det likevel vere greitt å vite litt om Niels Henrik Abel, mannen som post mortem har gitt namnet sitt til ei matematikk-konkurranse. Abel var svært flink i matematikk for å seie det enkelt. Han er bl.a. kjend for å ha vist at femtegradslikningar ikkje kan løysast ved hjelp av rekneartane og røter. Dessverre døydde han berre 28 år gammal.
Den aller første Abel-konkurransa var i 1980. Ho har to innleiande runder og ein finale. Elevane ved dei vidaregåande skulane og ungdomsskulane her i landet er velkomne til å ta del. 10% av dei beste går vidare til 2.innleiingsrunde. Deretter legg ein i hop poengsummen frå dei to innleiande rundene. Vel 20 av dei med mest poeng går vidare til finalen. 6 av dei som er i finalen har òg plass i den Internasjonale Matematikkolympiaden. 7-8 andre får tilbod om å vere med i den nordiske matematikk-konkurransen.
Kjelder: http://abelkonkurransen.no
