/ Forsiden / Siste Nytt / Både latter og tårer i atriet
Både latter og tårer i atriet
I dag kl.09.00 byrja den store skriftlegeksamenopplesartimen, som eigentleg var slutt eit kvarter seinare. Innan desse 15 minutta
vart nokre av elevane her glade, andre vart litt triste, andre tenkte "Jaja, like godt det som noko anna!".
Som lærar er det alltid like festleg å ha elevane timen etter at dei har fått beskjed om eksamen, dei har ein tendens til å vere litt høglytte og småurolege.
Men dersom kua ikkje heilt har gløymt at ho var kalv, kan underteikna erindre at ho nok var på same måte sjølv...
