Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Deilig er jorden,

Deilig er jorden,

prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.

Slik avslutta vi samlinga på landskapet. Det vart ei verdig avslutning på ein fin siste-dag-før-jul-dag.

Basisgruppene kosa seg i lag på "klasseroma", før dei tok turen bort i atriet. Der gjekk alle (nesten) rundt juletreet. Det var utruleg flott å sjå!

Sidan vi er så mange her i år, måtte ringane utvidast kraftig. Så i år kunne du gå i ring rundt heile atriet, både oppe og nede.

På landskapet vart det fort fullt. Dramagruppa hadde eit flott innslag, eit innslag til ettertanke.

Så kom språkelevane på scena og song julesongar både på tysk, engelsk og fransk.

Deretter heldt rektor tale. Det var ein tale som oppfordra oss til refleksjon, slik skulen òg skal gjere.

Og heilt til slutt stod vi alle og song "Deilig er jorden".

Det var til å få frysningar av, så høgtidsamt var det!

Med håp om ei fredfull jule- og nyttårsfeiring, seier vi hjarteleg velkomne attende 3.januar.

God jul og godt nyttår!