/ Forsiden / Siste Nytt / Endå eit vellykka Kick-off-arrangement gjennomført av elevar frå Sal, service og sikkerheit
Endå eit vellykka Kick-off-arrangement gjennomført av elevar frå Sal, service og sikkerheit
Arrangementet vart gjennomført i godt samarbeid med IKT servicefag som hjelpte til med den tekniske biten med lyd, lys og foto. Herøy vgs leverte maten: salat og rundstykke.
Arrangementet vart høgtideleg opna ved at rektor ønska velkomen. Han kom med mange positive og gode ord om kor viktig det er med entreprenørskap for utvikling av næringslivet samt nye måtar for innlæring av fag. Service og samferdsel nyttar mykje metoden "learning by doing" (Denne metoden kan verke kaotisk for dei som ikkje er involverte og kan observere læringskurva til einskildeleven, men metoden er særs positiv for praktikarar som vel yrkesfag.)
Kirsten Aure, dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal, orienterte deretter om korleis ungdomsbedriftene skulle registrere seg, i tillegg viste ho ein inspirerande liten filmsnutt frå Norgesmesterskapet i UB.
Torbjørn Hatløy og Even Dimmen hadde ei humoristisk opning der dei stod og kviskra i mikrofonen då dei presenterte seg, slik det ikkje skal gjerast! Desse to delte nyttige erfaringar frå UB-arbeidet i fjor.
I år var vi svært stolte over å ha fått produktdesignar Einar J. Hareide til skulen vår, og han skuffa ikkje..... Han prata om (som han sjølv uttrykte det) prosessar frå idé til ferdig produkt. Det var svært lærerikt og inspirerande for både elevar og lærarar.
Torill Oda Ringstad og Henna Josefsen, som gikk Service og samferdsel i fjor, var henta inn frå reiselivslina i Ålesund og stod for kulturinnslag med fin framføring av song akkompagnert på gitar av Una Sandanger Goksøyr(ho går TAF, men hadde fått permisjon frå Rolls Royce denne dagen).
Sjølv publikum vart aktiviserte. Programleiarane avslutta med ein quiz/spørjeleik som hadde grunnlag i tema for arrangementet.
(Fritt etter Audhild :-)
