Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Fagdag med forfattarbesøk

Fagdag med forfattarbesøk

Grunnkurselevane fekk møte Maria Parr, forfattar av barneboka ”Vaffelhjarte"

Maria Parr har sjølv vore elev ved Ulstein vgs for nokre år tilbake, og det er også mange som har lært henne å kjenne gjennom spalta ”no og då” i Vikebladet Vestposten. Maria skulle snakke til elevane om sakprosa, eit emne ho i utgangspunktet ikkje var heilt sikker på om ho kunne nok om – men det gjorde ho absolutt. I tillegg las ho frå boka si, og fekk skryt av den flotte måten ho brukar språket på, både frå elevar og lærarar.

Elevane som skriv skuleavisa ”Frettepålen” har både tatt bilete og laga referat frå dette besøket, som vi kjem tilbake til seinare.

Om fagdagane:

Elevar som går på grunnkurs AA/Øa og idrettsfag, har dette skuleåret fagdag kvar onsdag. Det betyr at dei fleste timane denne dagen, blir brukte til eitt fag, og dette går på omgang mellom dei ulike faga. Det er fem fag som er med på denne ordninga: norsk, engelsk, matematikk, naturfag og økonomi- og informasjonsbehandling/ treningslære.

Vi vil prøve å kome med referat frå andre fagdagar seinare.