/ Forsiden / Siste Nytt / Finst underet?
Finst underet?
Er de klar over kva de er med på denne siste dagen før jul? Vi får håpe det :-) For det er litt av ei høgtidsstund med rimeleg lange tradisjonar, heile 37 år, det vil seie heilt frå skulen sin oppstart. Vi nemner i fleng: Gang rundt treet, dramaframsyning, utanlandske julesongar, gode ord frå rektor Jan og "Deilig er jorden".
Slik fortset Dagfinn Bye si tekst vidare:
Er underet til stades i kvardagen vår? Eller er underet noko som hende før vår tid - for utallege mannsaldrar attende i verda? Er underet berre noko som finst i dei store forteljingane - noko som ikkje har plass i vår postmoderne tid - noko som er til i mytene og legendene - langt vekke frå kvardagen vår? Har underet nokon gong vore til - eller er det skapt av den menneskelege fantasien? Same kva vi måtte meine - vi likar å høyre om underet.
... Men viss det skulle ver slik at underet er der, kan mennesket fatte det? Er vi istand til å sjå det - midt i alt som hender? Viss undera i evangelia verkeleg hende, var menneska i stand til å begripe dei? ...
Så blir gjerne det vi ikkje fullt ut forstår, det vi kallar under, anten avvist som tankespinn, eller det vert noko heilagt, noko som er større enn det vi opplever i kvardagen, noko som gir von midt i den mørkaste natta vår.
Er ikkje det utruleg vakkert sagt?
Ha ei strålandes flott jule- og nyttårsfeiring og hjartans velkomne attende 3.januar 2008.
