Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Gullfiskaksjonen også på Ulstein vgs, med gullfisken Tor i hovudrolla ;)

Gullfiskaksjonen også på Ulstein vgs, med gullfisken Tor i hovudrolla ;)

Gullfisken Tor
Elevrådet her takka ja til å vere med på Aksjon Gullfisk som elev- og lærlingombod Monica Molvær har tatt initiativet til. Så no sym der ein liten gullfisk rundt i eit akvarium nede på elevrådsrommet. Han har fått namnet Tor!

Gullfisken Tor er, i tillegg til å vere ein gullfisk, òg eit bilete på korleis elevane har det på skulen. Gullfisken har det bra dersom miljøet rundt han, dvs akvariet, maten, lyset er bra og vice versa. Slik er det òg for elevane, dersom miljøet rundt dei ikkje er optimalt har dei det ikkje optimalt heller.

No skal det vel seiast at elevane har større evne til å påverke omgjevnadane sine enn gullfisken Tor...

Måtte gullfisken få eit langt og lukkeleg liv! Og måtte elevane trivest og finne glede i faga og medelevane sine.

Blubb blubb!