/ Forsiden / Siste Nytt / Hæ!?! Politi her på skulen?
Hæ!?! Politi her på skulen?
Inne på skulen!
Hadde vi fått amerikanske tilstandar her på ytre søre? Men neida, det var ikkje så ille. Politifolka skulle berre freiste fleire til å gå same yrkesveg som dei.
Elles er Ulstein vgs meir som ei maurtue her om dagen. Mange av VK2-elevane valsa rundt i gangane i dag. Dei var på jakt etter vidare utdanning, yrket, tips og gode råd. For i dag krydde det av folk som kunne hjelpe ein usikker VK2-elev til å finne svar eller kanskje òg setje spørsmålsteikn ved det eleven trudde var det beste for han eller ho.
I dag fann du folk frå universitet og høgskular, representantar frå ymse yrkesgrupper og Lånekassa på skulen vår, spenna klare til å hjelpe deg på rett veg.
Tenk om vi kunne få vite om 10 år kor mange av dagens 19-åringar som faktisk enda opp med å jobbe med det dei trudde dei ville ende opp med... Å, det var ei vanskeleg setning.... Men av og til er det det tunge som er best.
