Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Heit debatt på landskapet

Heit debatt på landskapet

Det "heite" viser meir tilbake til den fysiske temperaturen inne på landskapet, for der var det verkeleg varmt, enn til temperaturen på debatten.

Representantar frå partia KrF, SP, H, V, AP, KrS, Frp, SV og RV sat lina opp på scena på landskapet.Alle fekk kvar si tilmålte tid til å skryte av sitt eige, eventuelt rakke ned på andre parti. Frå første stund var det tydeleg at blokkene er uendra og ingen parti har fått kameleonfrakk. Blått er blått og raudt er raudt.

Dei tema som var mest omsnakka, var kollektivtransport, miljø, ølmonopol, offentleg skule kontra friskular, læremiddel og gratisprinsippet. Dessutan var panelet òg innom eit par verdispørsmål om homofili og abort.

Dei som sat i panelet, var i større og mindre grad rutinerte deltakarar i debattar, men det var nok AP sin debattant som var mest rutinert. AP hadde sendt av garde leiaren i AUF, Martin Henriksen.

Dei andre representantane var til ein viss grad meir lokale: Linn Sævik (KrF), Berit Ellingsøy (Sp), Svein Hanken (H), Kristine Røren (KrS), Jon Georg Dale (Frp), Edmund Walton (RV), Fride Sortehaug (V) og Erik Brautaset (SV).

Det er iallfall ein høfleg gjeng som går på skulen, alle debattantar fekk applaus etter hovudinnlegget.

Tilskodarane fekk sjans til å stille spørsmål, noko dei òg gjorde. Tema var så ymse, ifrå ferjeselskap til ungdomsklubbar.

Og i morgon er det val!