/ Forsiden / Siste Nytt / "Ikke se så mørkt på det!"
"Ikke se så mørkt på det!"
I morgon, fredag, er det Operasjon Dagsverk ved UVS. Dagsløna som elevane jobbar inn går til ungdom i Rwanda.
Gjennom OD-kampanjen skal ungdom i Rwanda få skulegang og høve til å lære om kva for nokre rettar dei har slik at dei aktivt kan ta del i utviklinga i landet sitt.
OD 2011 skal:
1. Auke talet på skuleplassar for ungdom mellom 16 og 19 år
- Byggje og utstyre to videregåande skular
2. Sikre at ungdom fullfører videregåande skule
- Motivasjonsgrupper for jenter på videregåande skule
- Jentekampanjer
- Opplæring av skolekomitear
- Opplæring av lærarar
- Skulebøker til skulebibliotek
3. Auke moglegheitene for ungdom til å organisere seg, uttrykkje seg og lære om rettane sine
- Opplæring i barn sine rettar
- Oppretting av elevråd
- Nasjonal påvirkningskampanje
- Mediegrupper
- Ungdomssenter
- Årleg møte om utdanning
