Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Informasjonsmøte for VG2-føresette førstkomande onsdag, 7.september

Informasjonsmøte for VG2-føresette førstkomande onsdag, 7.september

De trur kanskje at de har høyrt alt før, men det kan vere greitt å friske oppatt kunnskapen.
Difor håper vi at de som har små og store vidunder i VG2-klassene her på UVS tek turen hit på onsdag. Møtet vert på landskapet i 2.høgda og det startar kl.18.30.
Programmet blir som følgjer:
  • Presentasjon av leiinga, rådgjevarane og kontaktlærarane
  • Andre saker som foreldre/føresette vil ta opp
  • Orientering om skulen og organisering av skulekvardagen
  • Kontakt heim – skule. Foreldremedverknad.
  • Skulereglementet
  • Fråværsreglar
  • Vurdering
  • Nærmare om opplæringa i dei ulike programområda (ST,ID,EL,SA,TAF)

 Orienteringsmøtet vert avslutta med ei kort klassevis samling med kontaktlærar.

 Skulen sitt Landskap ligg i 2.høgda i gamledelen av skulen, rett ved atriet og ikkje langt frå ekspedisjonen.

 Vel møtt.

Med vennleg helsing

ULSTEIN VIDAREGÅANDE SKULE

Margaret Alme

Rektor