/ Forsiden / Siste Nytt / Kick Off i dag!
Kick Off i dag!
Det er 2SS1 som er ansvarlege for gjennomføringa av hendinga. Vi har fått kike dei litt i korta og det ser ut til å bli ein flott dag! Grunnen til å ha en slik dag er å setje fokus på oppstart og gjennomføring av ungdomsbedriftene.
Det kjem elevar frå Volda vgs og frå Haram vgs. Dessutan vil eindel av UVSarane vere der.
Programkomiteen har fått hit to gode foredragshaldarar, nemleg Øyvind Kamsvåg frå Ulstein Design og Odd Harald Karlsen frå Høgskolen i Ålesund. Dei skal høvesvis snakke om produktutvikling og merkevarebygging.
