/ Forsiden / Siste Nytt / Kick Off Ungdomsbedrifter.
Kick Off Ungdomsbedrifter.
UVS har for tredje år på rad tatt på seg å arrangere Kick Off for eigne elevar og elevar frå skular i nærmiljøet. Torsdag 7.september møtest elevar frå Herøy, Spjelkavik, Volda og Ulstein til første Kick Off i fylket denne hausten. Kick Off er i denne samanheng eit arrangement som markerer starten på eit nytt år med ungdomsbedrifter ved vidaregåande skular.
Elevar og lærarar på VKI Sal og service har lagt ned ein stor innsats for å planlegge eit godt program, og ser med forventning fram mot dagen. Web-design og merkevareleiing er stikkorda for det faglege innhaldet, elles blir det musikk- og danseinnslag, og sjølvsagt ein god lunspause.
Programmet finn du her:
