Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / "Kjem eg opp til eksamen, skal tru?"

"Kjem eg opp til eksamen, skal tru?"

Mange i atriet hadde nok den tanken i hovudet når klokka dreia seg mot 14.30, for i dag vart det klart kven som kom opp i kva for ein eksamen.

Nokre av elevane gjekk ut i regnet og hadde kanskje same kjensla som fargen ute: grå og trist. Andre var glade for at dei hadde kome opp i akkurat dét faget og ikkje dét. Andre var strålandes glade fordi dei kunne gå heim og ta ei ekstra lang pinsehelg.

Etterpå summa det i gangane rundt lærarane som hadde fått opp sine elevar.

VK2-elevane skal opp i to norskeksamenar, ein eksamen i eit studieretningsfag og ein munnleg eksamen.

VK1-elevane skal opp i ein eksamen, anten skriftleg eller munnleg.

VG1-elevane hadde sjans til å kome opp i engelsk skriftleg, 29 elevar var så heldige. Dei resterande kan kome opp i naturfag eller engelsk munnleg.