Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / KOLON-besøk til VG1-klassene

KOLON-besøk til VG1-klassene

Førstkomande tirsdag kjem KOLON på besøk til skulen vår. KOLON er ein del av organisasjonen Juvente.

I følgje nettsidene til Juvente er målet til KOLON å få ungdomane til å tenkje seg litt om og utsetje bruken av alkohol.

Faktisk har KOLON heldt på sidan 1980. Dei har turnert landet med teaterframsyningar som omhandlar ungdomane sine utfordringar, anten det no er i kvardagen eller på fest.

Berre nokre dagar etter at dei har vore på UVS skal dei faktisk vere med på Teaterfestivalen i Ålesund. Stilig!

Kanskje kan framsyninga gje deg noko å tenkje på?

Det er altså VG1-elevane som får gleda av å gå på teater denne gongen.