/ Forsiden / Siste Nytt / Kurs om trendar i norsk samtidslitteratur ved Ulstein vidaregåande skule
Kurs om trendar i norsk samtidslitteratur ved Ulstein vidaregåande skule
Etter initiativ frå avdelingsleiar Eldrid Vik og norskseksjonen, vart det på Ulstein vidaregåande skule nyleg halde kurs om samtidslitteratur for norsklærarar. Jorunn Stensnæs (gründer og dagleg leiar i firmaet Arkitekst) og Anna Karolina Netland møtte lærarar frå Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda. Dei to kurshaldarane presenterte ulike emne og teknikkar som vert nytta av dei nyaste forfattarane, både kjende og meir ukjende. Lærarar som tok del, var svært fornøgde og hadde godt utbyte av dagen.
Arkitekst er eit firma med medarbeidarar som let seg engasjere av språk og litteratur, og som ønskjer å inspirere andre. Firmat tek i følgje nettsidene sine på seg både språkvask og redigering av tekst, og i tillegg til å halde kurs over heile landet, spesielt med fokus på norsk samtidslitteratur.
