/ Forsiden / Siste Nytt / Lat det bli eit spanande og engasjerande skuleval!
Lat det bli eit spanande og engasjerande skuleval!
Alle elevane skal møte til første time etter timeplanen. Kl.09.00 byrjar debatten på Landskapet. Då er det opp til dykk elevar om det blir ein artig debatt eller ikkje. Politikarane kjem til å ha spissa argumenta sine kraftig, som vanleg.
Men dei må møte engasjement frå salen! Gjer vel i å førebu spørsmål som gjeld saker som de er opptekne av, kanskje skulepolitikk, ressursar til læremiddel og lærebøker, miljøpolitikk eller andre saker som de synest er viktige her i livet.
Ver aktive!
Og for all del, bruk røysteretten din 14.september dersom du er over 18!
