Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / MOT-til-å-glede-dagen på UVS

MOT-til-å-glede-dagen på UVS

Fredag i forrige veke var det nok nokre elevar og lærarar som fekk merke at UVS er MOT-skule. Då var det nemleg MOT-til-å-glede-dagen og det måtte sjølvsagt markerast. Det er av og til nødvendig å setje fokus på kvardagsgledene slik som dette.

Dagen før var det nokre informatørar som sprang rundt i gangane og inn på alle arbeidsrom. Der la dei ein twist og eit glede-sitat på kvar arbeidsplass. Dermed vart det kanskje ekstra kjekt å kome på jobb på fredag. Iallfall var det som vart sagt :-)

Elevane vart gleda ved at dei fekk mandarinar (eller er det klementinar det heiter?), pepparkaker og twist i matfriminuttet, med musikk på full guffe, til blanda glede kanskje for dei som sat nærast... Sist, men ikkje minst hadde 1SS1 laga ein flott powerpoint-presentasjon om glede som rulla og gjekk på storskjermen i atriet heile dagen og faktisk litt på mandag óg.

Det beste hadde vore om vi greidde å ha MOT-til-å-glede-dag kvar dag.

Ha ei strålandes veke vidare og snart er det jul. Det merkar de sikkert allereie, sidan prøvefrekvensen aukar stadig :-)