Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / No har vi avbestilt trafikkulykka!

No har vi avbestilt trafikkulykka!

Bad taste + promillebriller
Etter ei veke med opplegg, promillebriller, mobilmeldingar, postkortsending og forhåpentlegvis litt tankeverksemd rundt fart og bil har aksjonen "Avbestill trafikkulykka" reist vidare i fylket.

Aksjonsgruppa på skulen vår er godt fornøgd med aksjonen og håpar berre at ungdommane ikkje gløymer så fort. Det er ikkje så himla tøft å køyre fort! Det er berre utruleg teitt!

Det hadde vore stilig om ein kunne få ei Rolig-nå-t-skjorte som tok for seg fartsperspektivet og at elevane innimellom hugsa på Avbestill-aksjonen og så la til eit rungande MOT-til-å-seie-nei-nei til fartsgalne vener.

Eigentleg veit alle at det ikkje er så lurt å køyre fort, eigentleg har dei aller fleste av oss vaksne vore i ein slik situasjon, anten som passasjer eller sjåfør, eigentleg har vi ingen å misse...