/ Forsiden / Siste Nytt / Nok ein gong skaffar ungdomsbedriftene ved UVS heider og ære til skulen vår
Nok ein gong skaffar ungdomsbedriftene ved UVS heider og ære til skulen vår
Frå Ulstein vgs var det tre ungdomsbedrifter (UB) frå VKI Sal- og Service som deltok; Umbo Plast, Kom deg laus og AeroToy.
Etter intenst forarbeid med bidraga til dei ulike konkurransane, reiste dei til Kristiansund tysdag 14. februar. På bussen oppover hadde vi guiding ved elevane, (eit prosjekt frå VF Reiseliv) der vi fekk spennande og fargerik informasjon om dei små tettstadane mellom Sulesund og Kristiansund. Med oss på turen deltok også grunnkurs Sal-og Service. Dei hadde sitt eige opplegg med bedriftsbesøk m.a. på Petrosenteret og analyse av Fylkesmessa for å tileigne seg kunnskap for neste års deltaking.
Tysdagkveld var det rigging av stand og kjekt sosialt samvær.
Onsdag var det klart for jobbing på stand og konkurransar etter ei høgtideleg opning av fylkesordførar Jon Aasen. Her fekk elevane prøve seg som seljarar og profesjonelle representantar for bedriftene sine. Umbo Plast UB med Plasthetta til rask dekking av matvarer, Kom deg Laus UB med ein liten og hendig naudhammar, og AeroToy Ub med ei ny fargerik og spennande leike. Elevane gjorde ein profesjonell og god jobb, og representerte skulen på ein fin måte.
I løpet av messedagen var også høgdepunktet for alle deltakarane; premieutdeling!
Bedriftene konkurrerte i mange ulike konkurransar, mellom anna beste ungdomsbedrift, forretningsplan, logo, brosjyre, stand, gåveartikkel, seljar og rekneskap. Konkurransen var knallhard. AeroToy UB fekk 2. plass i den krevjande konkurransen ”Beste rekneskap”.
