/ Forsiden / Siste Nytt / Ny struktur i vidaregåande skule - tilbod ved Ulstein vgs
Ny struktur i vidaregåande skule - tilbod ved Ulstein vgs
Hausten 2006 blir studietilboda i vidaregåande skule lagt om. Det som før heitte studieretning, heiter frå 2006 utdanningsprogram. Totalt vil det vere 12 ulike utdanningsprogram i vidaregåande skule.
Ulstein vidaregåande skule kan tilby desse utdanningsprogramma:
Tilbod som gir studiekompetanse:
- studiespesialiserande utdanningsprogram i språkfag, realfag og samfunns-og økonomifag
- studiespesialiserande utdanningsprogram i idrett
Yrkesførebuande studietilbod
- utdanningsprogram for elektrofag
- utdanningsprogram for service og samferdsel
UVS vil også vidareføre tilbodet om utdanning innan tekniske allmennfag (TAF)
