Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Nytt skuleår, nye mulegheiter for eit nytt elevrådsstyre

Nytt skuleår, nye mulegheiter for eit nytt elevrådsstyre

I morgon, fredag, skal det nye elevrådet konstituere seg. To ifrå kvar klasse skal møte i auditoriet i morgon til 1.time.

Der skal det opplysast og snakkast, slik at alle veit kva eit elevrådsstyre skal gjere og kva rettar og plikter det har. Deretter skal representantane velje kven av dei som skal få sitje i ymse forum ved skulen.

Dei tillitsvalde skal vere med på heile seansen, vararepresentantane berre på første delen. Dersom den tillitsvalde ikkje er til stades, skal vara vere der heile tida.

Vi håper vi får eit aktivt elevråd, der elevane tek tak i både eigen og andre sin skulesituasjon.