/ Forsiden / Siste Nytt / Operasjon Dagsverk nærmar seg
Operasjon Dagsverk nærmar seg
Skulekomitéen i år er samansett av vararepresentane for VG2, ein flott gjeng på 10 stk.
Årets aksjon kjem dei mellomamerikanske landa Nicaragua, Honduras og Guatemala til gode. OD samarbeidar med Utviklingsfondet om aksjonen som har fått namnet "Med rett til en fremtid".
I fylgje nettstaden til OD, www.od.no, skal pengane som kjem inn brukast på stipend- og låneordningar, teoretisk utdanning, praktisk yrkesopplæring, kunnskap om rettigheiter og opplæring i miljøvern og klimaspørsmål. Desse prosjekta vil forbetre livssituasjonen til ca 20 000 ungdomar.
Så då er det berre å tenke seg ut ein plass du vil jobbe og gjere ditt for at verda skal bli ein betre plass å bu :-)
