/ Forsiden / Siste Nytt / OPTICO – vidare i programmet ”Skaperen”
OPTICO – vidare i programmet ”Skaperen”
Dei to forrige skuleåra har dei gått studieretning for Sal og service ved UVS. Då danna dei ungdomsbedrifta Ambiente UB – som i følgje dei sjølve har ”den optimale løysinga for ditt kjøkken” med miljøposen OPTICO. Dei fikk til eit godt samarbeid med bedrifta Nor-X i Gursken som hadde stor tru på dei, og hjelpte dei igang. Sjølve miljøposen har dei fått produsert etter avtale med Christiania Æske på Raufoss. Posen kan du plassere i vasken og så skylje alle matrestane ned i den, deretter er det berre å samle det heile opp, og kaste i boskorga.
På fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Molde 2005, fekk AmbienteUB 1.premie for beste innovative produkt, og gjekk dermed vidare til NM. Der fekk dei 2.premie.
Som alle andre ungdomsbedrifter, blei også denne oppløyst då skuleåret nærma seg slutten, men idéen og den gode erfaringa har dei med seg vidare. Sandra og Ida er dette skuleåret elevar på allmennfagleg påbygging ved Ulstein vidaregåande skule. Kristin og Henriette tek same utdanning ved Herøy vidaregåande skule.
Vi ønskjer dei lukke til vidare.
