/ Forsiden / Siste Nytt / Politisk streik óg på UVS
Politisk streik óg på UVS
Allmøtet opna med ein film snutt om tilstanden på nokre vidaregåande skular her i landet. Deretter heldt elevrådsstyremedlem Malin Sanne ein engasjert appell, før konst.leiar Naser Nazar Haify tok ordet og forklarte kvifor det var viktig å streike. Line Myklebust sit i fylkesstyret for Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal og snakka til elevane, stilte dei spørsmål som kanskje fekk dei til å tenkje.
Etter eit langt allmøte vart det bestemt at elevane skulle streike resten av dagen. Nokre valde å ikkje ta del i streiken og fekk undervisning i staden for. Andre igjen gjekk i tog ned til rådhuset i Ulsteinvik, der dei trefte ordførar, varaordførar og ei avis eller to.
