Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Prosjektveke ved Ulstein vidaregåande skule

Prosjektveke ved Ulstein vidaregåande skule

Siste veke før vinterferien har VKII elevar ved UVS ulike prosjekt. Elevane har hatt ulike studieopplegg, og realfagselevane vi har møtt har arbeidd med oppgåver i anvendt matematikk/fysikk på Rolls Royce og Ulstein verft.

Dette opplegget er ein bit av eit større samarbeid mellom desse bedriftene og UVS. Elevar på AA/ØA som har fysikk og matematikk får oppgåver og rettleiing frå ingeniørar på bedriftene, og får dermed prøve å setje kunnskapane sine ut i praksis.

Carl Arthur og Sverre var på besøk på Ulstein Verft. Dei blei tatt godt imot av Vidar Fosse, og vist rundt på bedrifta. Så var det klart for arbeid, og gruppa fekk oppgåver av sjefsdesignar Håvard Stave og Harald Bigset. Ei av oppgåvene var om eit skip som låg i beddinga. Ut frå opplysningar om volum av skipet under vassflata, friksjon i beddinga og vinkelen, skulle så gruppa rekne ut maksfarta skipet kunne få når det blei sleppt. Dei skulle også dimensjonere beddingsøyre som skulle halde skipet oppe. I to dagar arbeidde dei på verftet, deretter var det presentasjon for lærarar og medelevar på skulen.

Vebjørn og Jeswanth var i ei gruppe som fekk kome til Rolls Royce Propeller. ”Vi blei tatt veldig godt imot, og fekk mange spennande oppgåver å arbeide med.” Dei to presiserer at det har vore nyttig å få bruke matematikk- og fysikkunnskapane sine på heilt relevante oppgåver, og å få tenkje masse sjølve på korleis problema kunne løysast. Siste dag i prosjektveka, har dei brukt til å lage plakatar med forenklingar av problem og løysingar.