Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Sitat: "Kjekkaste juleballet på mange år!"

Sitat: "Kjekkaste juleballet på mange år!"

Polynaise og laaaaaang, laaang rekke!
Dette utsagnet overhøyrde vi på personalrommet fredag. Det er ikkje den verste kommentaren ein kan ta med seg ? (Sjølvsagt utan forkleinelse for tidlegare års komitéar:-))
Tusen takk til årets komité for eit strålande gjennomført juleball!

Programmet for juleballet starta på ein spektakulær måte...med den eine programleiaren svingande frå taket.

Det gjekk slag i slag med mange gode innslag og filmar. Kjekt var det!

Nokre av elevane våre har heilt klart gode talent, anten det no er som vokalistar, gitaristar, programleiarar, regissørar, skodespelarar eller pynte/ryddestab.

Julematen smakte, sjølv om det aldri vil bli som "mamma si rabbestappe":-)

Etterkvart vart det tid for rydding av dansegolvet og polonaise! Mange, mange, mange, både elevar og lærarar tok del i polonaisen på torsdag. Lærarar med litt fartstid på skulen hadde aldri sett så mange av elevane ta del før! Flotte greier, folkens!

Så kom dj'en på plass og spelte musikk som fekk fram dansefoten hos mange,men ikkje alle, men til lags åt alle kan ingen gjera?

Tusen takk igjen for ein strålandes kveld! Det er ein flott gjeng med ungdommar som går på skulen vår.

Ein stor takk til Ann-Karin Gjerde som har vore leiar for ein storarta komité.

(Bilde frå kvelden vil bli lagt ut så snart som råd.)