/ Forsiden / Siste Nytt / Skule + næringsliv = sant
Skule + næringsliv = sant
Det er eit breitt utval av bedrifter i regionen som kjem opp hit til UVS og underviser TAF-klassene i forskjellige emne, alt ifrå stabilitet til marknadsføring.
Det er sjølvsagt viktig for alle elevane våre å få god og rett informasjon og opplæring. Men det er kanskje enno viktigare for dei som går yrkesfag, difor må eit slikt samarbeid vere ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, sidan dei blir betre kjende med kvarandre, noko som alltid kjem godt med når ein skal søke jobb eller nye arbeidstakarar.
Kven veit, sjølv om ungdomar har ein tendens til å ville opp og ut og iallfall ikkje bu der dei har budd siste 15 åra, så viser det seg at eindel av oss snur nasen heimover etterkvart.
Du skal sjå der kjem ein tidlegare TAF-elev gåande i gangane på Rolls-Royce, ABB eller Ulstein eller ein heilt annan stad her i området om nokre års tid.
Du finn oppslaget i VV her.
