/ Forsiden / Siste Nytt / Snart er det kick-off for ungdomsbedriftene
Snart er det kick-off for ungdomsbedriftene
Det er alltid kjekt å markere starten på eit slikt prosjekt og det gjer elevane ved å lage til det dei kallar ein kick-off.
Årets arrangement går av stabelen no fredag som kjem. Landskapet kjem til å vere fullt av folk, nærare 200 kjem til å ta del. I tillegg til folk frå vår skule, får servicegjengen besøk av andre ungdomsbedrifter som held til ved andre vidaregåande skular i distriktet, som Herøy, Volda og Ålesund.
Einar Hareide kjem for å halde foredrag om produktdesign og produktutvikling. Han driv Hareide Designmill i Moss og har vore sjefsdesigner for Saab før.
