Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Spanande prosjekt kanskje på trappene?

Spanande prosjekt kanskje på trappene?

Ismail Pelaseyed, Farid Nolen og Guttorm Ulla, frå Intize, Intize og NHO.
I forrige veke var R1-matematikkelevane på eit motivasjonsforedrag. NHO stod for opplegget, der to studentar frå Chalmers universitet i Gøteborg var motivatørar.

Både Farid Nolen og Ismail Pelaseyed var svært engasjerte og engasjerande å høyre på. Dei to står bak prosjektet Intize, der studentar er mentorar for ungdom i matematikk.

Tanken er at elevar ved UVS, som har R1-matematikk, skal vere mentorar for elevar ved Ulstein ungdomsskule, iallfall i første omgang. Mest truleg vil det vere svært lærerikt for begge partar. Det er nettopp ved å lære frå deg at du lærer best :-)

Opplegget er ein del av NHO sin kunnskapsturné, som ser på skulen som den viktigaste leverandøren til næringslivet.