/ Forsiden / Siste Nytt / Tid for ettertanke
Tid for ettertanke
Frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider har vi saksa følgjande:
<<…Føremålet med Elevundersøkinga er at du skal kunne påverke di opplæring på skolen, og seie di meining om forhold som er viktige for å lære og for å trivast. Det er derfor viktig at du tek undersøkinga på alvor og tek deg tid til å svare på spørsmåla. Det er elevane som bruker skolen, og det er derfor de som best kan setje fingeren på styrke og veikskap ved skolen…
…Den informasjonen du kjem med, skal inngå i vurderingsarbeidet på skolane. For at undersøkinga skal medverke til kvalitetsutvikling av skolen, må ein arbeide vidare med resultata frå undersøkinga, og skoleleiinga må følgje dei opp i samarbeid med elevrådet og lærarane.
Resultata frå ei undersøking kan ikkje åleine gi eit heilskapleg bilete av opplæringssituasjonen for elevane. All undersøking krev ei nærmare oppfølging i form av til dømes klassediskusjonar, foreldresamtalar og annan relevant dialog, som kan danne utgangspunkt for det vidare arbeidet med å utvikle læringsmiljøet på skolen….>>
Det kan vere lurt å bruke litt tid på spørsmåla, slik at du gir dei svara som du verkeleg står inne for. Skal Elevundersøkinga vere eit godt arbeidsverkty, må grunnlaget vere reelt.
Lukke til!
