Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Til Tyskland for å diskutere energi, klima og miljø

Til Tyskland for å diskutere energi, klima og miljø

I morgon reiser 2 av elevane her, Hege Jørandli Flakk og Linn-Eli Kopperstad, til Essen i Tyskland. Dei reiser i lag med 48 andre norske ungdommar og skal ta del på det aller første ungdomsforumet i regi av Tysk-Norsk Ungdomsforum.
Tema for forumet er "Energi, klima og miljø".

Informasjon om dette forumet gjekk ut til alle tyskelevane i Noreg og 50 av dei som søkte, får altså reise til Essen. Deltaking, reise og opphald er betalt av Staten v/Jonas Gahr Støre og Øystein Djupedal.

Her er det energilandet Noreg og bilnasjonen Tyskland som møtest.

I Essen treffer dei 50 tyske ungdomar og skal vere med i ei av tre arbeidsgrupper:

- Debatt + demokrati

- Media + standpunkt

- Språk + kreativitet

I tillegg får dei høyre på spanande foredragshaldarar og kanskje òg sjå dronninga vår? Ho skal nemleg òg vere der eine dagen.

God tur!