/ Forsiden / Siste Nytt / Tryggingsrådet i FN låner landskapet på UVS
Tryggingsrådet i FN låner landskapet på UVS
Samfunnsfaglærarane Yngve Birkeland, Kåre Myrene og Tor Petersen meiner det kjem til å bli ei spennande og lærerik utfordring for elevane.
Det er ein annleis måte å leggje fram stoffet på. Kanskje blir det lettare å lære kva FN gjer og kva organisasjonen står for når du sjølv må ta del heilt konkret.
Elevane er delte inn i land og delegasjonar og skal før torsdag ha sett seg inn i landet sitt standpunkt og ha utarbeidd eit utkast til proposisjon.
Problemstillinga, eller scenariet, er dagsaktuell: Midt-Austen, òg kalla Israel-Palestina-konflikten.
Det er ikkje berre 2.klasseelevar med samfunnsfag på timeplanen som skal ta del. ”Tryggingsrådet” har òg leigd inn eit pressekorps, nemleg dei som har avis valfag. Dei skal jobbe i grupper på tre, fordelt på heile dagen. Rykande ferske nyhende skal leggjast ut på heimesida til Ulstein vidaregåande skule og på storskjerm i atriet.
Etter at medlemmene i Tryggingsrådet har blitt varme i trøya, vert Landskapet opna for publikum.
Fakta: Tryggingsrådet har 15 medlemmer, derav fem faste: Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA. Dei ti andre medlemmene blir valt av Generalforsamlinga for ein toårsperiode. I denne perioden er det Belgia, Kongo, Ghana, Indonesia, Italia, Panama, Peru, Qatar, Slovakia og Sør-Afrika.
Tryggingsrådets hovudansvar er å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik.
(Kjelde: www.regjeringen.no)
