/ Forsiden / Siste Nytt / UVS får nytt besøk frå Belgia denne veka
UVS får nytt besøk frå Belgia denne veka
Du hugsar sikkert at vi hadde besøk frå Belgia i fjor haust? No er det tid for eit nytt samarbeid.
Tema for samarbeidsprosjektet er Food for thought . Dette er eit Comeniusprosjekt der Belgia, Frankrike, Finland, Spania, Tyrkia og Noreg er samarbeidsland. Knut S. er koordinator for besøket og gjenbesøket i Belgia. Dei belgiske elevane skal bu hos vertsfamiliar, det vil seie hos 12 av UVS-elevane, som i hovudsak kjem frå 1ST2 og 1ST4.
Frå skulen i Belgia kjem to lærarar i tillegg til elevane.
Hjartans velkomne skal dei vere!
