/ Forsiden / Siste Nytt / UVS fekk besøk av Elevorganisasjonen
UVS fekk besøk av Elevorganisasjonen
I følgje lover og reglar må elevrådet fornye medlemsskapet i Elevorganisasjonen (EO) kvart 4. år. Denne hausten var det på tide å gjere det på UVS. Alle elevane skulle møte på landskapet for å vere med på ei uravstemming. Der fekk dei ei innføring i kva EO gjer for medlemmane sine.
Vi er ikkje heilt 100% sikre på om vi er medlem av EO i skrivande stund, men det såg slik ut.
Etter uravstemminga var det tid for eit aldri så lite tillitsvalt-kurs.
