Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / UVS på globaliseringskonferanse

UVS på globaliseringskonferanse

Damene har rangen: Kari H.Kalvatn, Henrikke K.Rødal, Ida Solvåg, Erlend E.Christiansen, Marius Hareide, Thomas Gjerde og Kristoffer Yksnøy. Desse elevane er skulen sine representantar i Oslo i morgon.
Som ein lekk i den stadig aukande internasjonaliseringa av samfunnet vårt arrangerer NHO ein stor konferanse i Oslo i morgon, torsdag. ”Ung i verden” heiter han og samlar 1300 ungdomar frå heile landet.
Det som er mest genialt her på huset er at ein av elevane våre, Kari Hageland Kalvatn, skal stille spørsmål til utviklingsminister Erik Solheim oppe på scena i Oslo konserthus!!

Ho er ein av fire elevar som får denne sjansen :-) Ho får stille heile tre av dei fem spørsmåla som elevgruppa her ved UVS har laga. Det er ei fjør i hatten for elevane våre.

(Som ein del av førebuinga til konferansen vart kvar skule utfordra til å forfatte fem spørsmål som dei ville at utviklingsministeren skulle svare på, sidan ein av programpostane heiter På scenekanten med utviklingsministeren. Dessutan skulle dei plukke ut ein elev som eventuelt kunne vere skulen sin representant på scena. Det vart altså Kari.)

Dei som reiser frå UVS er: Kristoffer Yksnøy, Henrikke Kormestad Rødal, Kari Hageland Kalvatn sjølvsagt, Erlend Erdal Christiansen, Marius Hareide, Ida Solvåg og Thomas Gjerde. Lærarane som reiser nedover sit i internasjonaliseringsgruppa ved UVS og er Oddny Ekroll, Karen Topphol og Wiviann Jenssen.

I tillegg til dei 1300 ungdomane kjem òg 100 representantar frå ulike parti og frå organisasjonar i norsk næringsliv.

Bakgrunnen for ein slik konferanse er å skape entusiasme og engasjement for næringsliv, globalisering og samfunnsspørsmål. Dessutan håpar nok NHO på at elevane skal bli inspirerte i forhold til utdanningsval.

Programmet er vidt og femnar om mykje. Dei tre hovudbolkane er

  • Ung i verden
  • Du og næringslivet
  • Bruk talentet ditt

Foredragshaldarar er til dømes utviklingsminister Erik Solheim, Finn Bergesen jr., Marte Johnsen frå Hydro og Celina Midelfart.

God tur! Kom heim att med mange gode innspel til korleis gjere skulen vår til ein internasjonal samarbeidspartnar :-)