Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / VELKOMEN TIL ULSTEIN VG. SKULE SI NYE HEIMESIDE PÅ INTERNETT

VELKOMEN TIL ULSTEIN VG. SKULE SI NYE HEIMESIDE PÅ INTERNETT

Velkomen til Ulstein vg. skule si nye heimeside! Stadig fleire av skolen sine brukarar finn sin informasjon på internett. Dette betyr at skolen i større grad må informere om sine tilbod og tenester også på nettet

Vi har utarbeidd ei heilt ny heimeside etter moderne presentasjonsprinsipp. Dette har vi gjort, også for å gjere det enklare for våre brukarar å finne informasjon om skolen og andre sider ved opplæring som er relevant for skolen og skolen sine brukarar.

Ei heimeside er ikkje noko statisk presentasjon av skolen ein gang for alle. Ulstein vg. skule har ambisjonar om at heimesida skal verte ei kjelde til god og saklig informasjon om det som rører seg i skolesamfunnet. Dessutan vil vi prøve å legge ut linkar til anna relevant informasjon som vi trur våre brukarar kan ha nytte av. I tillegg, ynskjer vi å utvikle ei heimeside som speglar all den mangfaldige aktiviteten som går føre seg på ein moderne vg. skule. Vi ynskjer å opne sida mest mogeleg for innspel frå aktørar i skolesamfunnet, for å få til ei levande heimeside som vert brukt, både av skolen sine eigne aktørar, men også av samfunnet kring oss. Sjølvsagt må vi sikre oss at stoff som vert lagt ut på nettet er kvalitetssikra best mogeleg, samstundes som terskelen for å få legge ut stoff ikkje vert for høg. Det er ikkje urimeleg at heimesida også skal spegle den ungdomen som er elevar ved skolen, både når det gjeld form og innhald.

Eit overordna mål for skolen er å sikre god kontakt med heimen til dei elevane som går på Ulstein vg. skule. Ta kontakt med skolen om det er ting du ynskjer å drøfte, og vi ser gjerne at også heimen aktiviserer seg i høve skolen si heimeside. Innlegg frå heimane vert difor mottekne med takk og vil verte lagt ut på heimesida på relevant stad.

Med utgangspunkt i skolen si nye heimeside, ei side for informasjon, kunnskap og innsikt i skolen sine ymse gjeremål, ynskjer eg alle brukarar velkomne til å ta i bruk skolen si nye heimeside.

Jan Berset/ Rektor