Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon:

Ulstein vidaregåande skule
6065 Ulsteinvik
Telefon: 70018300
Fax: 70018330

/ Forsiden / Siste Nytt / Vg1 skal på skulefilmseminar

Vg1 skal på skulefilmseminar

Eit punkt i den nye læreplanen i norsk på Vg1-nivå går på korleis lage ein film. Som ein lekk i dette arbeidet har elevane våre fått ein uvurderleg sjanse.

Sjøborg kino i Ulsteinvik er nemleg ein av 10 stadar i landet der elevar får møte regissørar og hovudrolleinnehavarar frå norsk filmindustri. Ulstein vidaregåande skule fekk tilbodet og sende påmeldinga raskare enn svint. Vg1-elevane er delt i to grupper og skal busse ned til Sjøborg no førstkomande tirsdag.

Der vil dei få møte regissør Stian Kristiansen og hovudrolleinnehavar Rolf Kristian Larsen frå filmen "Mannen som elsket Yngve". Denne filmen er basert på ei bok av Tore Renberg.

Desse to kjem til å fortelje om alle dei avgjerande prosessane i ein film. Dei kjem til å vise klipp frå filmen, dei kjem òg til å ta elevane med på ein tur bak kulissane.

Og kor vanskeleg eller lett det er å velje ut skodespelarane og jobbe med dei?

Dette opplegget heiter masterclass, det tyder, så vidt vi veit, undervisning av ein mester, så det er berre å glede seg, Vg1-arar!