/ Forsiden / Siste Nytt / Vil du bli med på motivasjonskurs for ingeniøryrket?
Vil du bli med på motivasjonskurs for ingeniøryrket?
Elevane på VKI som har studieretningsfaga fysikk og matematikk, kan søkje om å få delta på kurset. Om hausten blir det brukt 4 skuledagar på bedriftene i Ulstein og Brattvåg, med instruktørar frå desse bedriftene og ein lærar frå organisasjonen ”The Smallpeice Trust” i England. All undervisninga går føre seg på engelsk. Tid for kurset hausten 2006 er 14. - 17. november. I vinterferien blir det full undervisningsveke ved ”The Smallpeice Trust” i Leamington Spa, ein by nordvest for London. Tema for denne veka er ”What’s Engineering” , ”Project Mangement” og ”Design and Make Project”. Bedriftsbesøk og presentasjon av eigne arbeid er også ein viktig del. I tillegg står fleire turar og kulturelle aktivitetar på programmet.
I veke 40 kjem representantar frå bedriftene på besøk i dei aktuelle matematikkgruppene. Det blir då gitt informasjon om heile opplegget, og korleis ein kan søkje på dette.
Her kan du lese den oppsummeringa Line Cathrin skreiv etter forrige kurs:
Eit kurs for livet
