/ Forsiden / Skulestart 2009/10
VELKOMEN
Lærebøker - lånekort. NB!
Elevar på Vg2 og Vg3 som har fått utdelt lånekort på skulen, må ta med dette første skuledagen.
Dersom du ikkje har lånekort, får du ikkje låne bøker. Dersom du ikkje finn lånekortet ditt, kjem du sist i køen for å få låne bøker.
Dersom du ikkje har lånekort, får du ikkje låne bøker. Dersom du ikkje finn lånekortet ditt, kjem du sist i køen for å få låne bøker.
Val av språk ved Ulstein vidaregåande skule for elevar Vg1 ID og ST
Dei som har hatt framandspråk i ungdomsskulen kan velje å avslutte språkundervisninga i vgs etter Vg2. Dei som ikkje har hatt framandspråk i ungdomsskulen skal ha framandspråk også på Vg3. Her ved UVS kan du velje mellom språkfaga Fransk I, Spansk I, Spansk II, Tysk I og Tysk II.
Dersom det vert for mange søkarar i eit av tilboda vil de bli rangerte etter inntakspoenga dykkar. Skulle det vise seg at det vert svært få søkarar på eit av tilboda vil dette ikkje bli starta opp.
Dei som vil halde fram med det språket dei allereie har hatt i ungdomsskulen skal velje dette på nivå II. Har du td hatt Spansk I i ungdomsskulen skal du velje Spansk II i vgs dersom du vil halde fram med spansk.
Val av språkkurs vil skje ein av dei første dagane etter skulestart.

Til deg som skal byrje studieførebuande (ID og ST) - informasjon om val av matematikk.
Rett etter oppstart må du velje kva type matematikkurs du ynskjer. Det er difor bra om de allereie no byrjar å tenkje på kva type matematikkkurs du ynskjer å velje.
Meir informasjon om dette finn du i dette dokumentet.
Informasjon om skuleskyss.
Elevar i vidaregåande skule som bur meir enn 6 km frå skulen, har rett på skyss til skulen. Skyssen vert normalt sett utført med buss/ferje.
For meir info om dette, sjå her
Her finn du også ei berekningsteneste (GisLink) for avstanden frå ditt hus til skulen slik at du sjølv kan sjekke om du har rett til skyss. Det er denne som vert nytta for å kontrollere avstandar. Fram til 01. september vil du kunne reise med buss utan skysskort. Ved skulestart vil vi informere meir om korleis du skaffar deg skysskort. Elevar som har spesielle skyssbehov bør ta kontakt med skulen så snart råd er.